Løp for Psykisk Helse 2025
Løp for Psykisk Helse 2025
Pengane som blir samla inn i forbindelse med Løp for Psykisk Helse 2025 vil gå til arbeid med ungdom i Kinn Kommune. (Nokre kroner går til å dekke kostnader til løpet)
"I år som i fjor er planen å ha psykisk helse som tema i forbindelse med at eg skal jogge 7 km kvar time i femten timar. Det er mykje stigmatisering rundt psykisk helse, og mitt fokus er å vise kor viktig openheit er. Vi har alle ei psykisk helse å ta vare på. Eg sjølv har/hatt utfordringar med min psykiske helse. I det store og det heile fungerer eg fint, som ein heilt vanleg mann. Eg har levd med min utfordring så lenge eg kan hugse og har strategiar som gjer at eg fungerer godt i kvardagen. Eg sitter med ei kjensle av at tema ofte er skambelagt, og at det er vanskeleg å snakke om psykisk helse. Trur det er spesielt vanskeleg for menn å snakke om dette.
Eg tok eit val for ca. fire år sidan å snakke om min verden. Erfaringane har vore og er fortsatt positive. Eg opplever at mi openheit gjer at andre blir opne om sin psykiske helse. Dei har gjerne ei historie sjølv å fortelje.
Den 31. mai 2025 arrangerer eg Løp for Psykisk Helse. Eg skal jogge 7 km kvar time frå klokka 06:00 til og siste start klokka 20:00 – totalt 105 km. Dei siste åra har det meste av pengane gått til Ungdomsklubben i Måløy. Dette gav meirsmak! Derfor vil pengane som blir samla inn i år, gå til arbeid med ungdom i lokalmiljøet i Kinn Kommune."
Eg håper arrangementet blir ein stor suksess og at det bidreg til meir openheit rundt psykisk helse! Lukke til med løpet! 🏃♂️💙