Kvart år gir vi deler av banken sitt overskot tilbake til der vi høyrer heime.
DRIVKRAFT er namnet på SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt samfunnsengasjement. Gjennom ulike årlege tildelingar deler vi av banken sitt overskot tilbake til der vi høyrer heime. Saman gjer vi Søre Sunnmøre til ein betre plass å bu og virke. Les meir om DRIVKRAFT

Kriterium for å søke DRIVKRAFT-midlar
Midlane må gå til allmennyttige formål i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande eller Vanylven
Mottakar av spleisen må ha eit organisasjonsnummer
Spleisen må ha samla inn meir enn 1.000 kroner i løpet av søknadsperioden
Spleisen må innehalde kva ein søker til og kor mykje ein søker om
Vinnarar av veketrekningane
Vi vil gratulere vekevinnarane med 10.000 kroner kvar som leggast til på spleisen!
Vekevinnar nummer 1: Herøy Kajakklubb 🎉
Vekevinnar nummer 2: Ørsta IL langrenn 🎉
Vekevinnar nummer 3: Friluftsforeninga Volda 🎉
Bli med i den siste veketrekninga!
Slik søker du DRIVKRAFT-midlar
Søknadsperioden er frå 15. januar- 1. mars.
Start ein spleis og beskriv kva du søker midlar til
Alle som skal søke DRIVKRAFT-midlar må opprette ein spleis, som må innehalde kva ein søker til og kor mykje ein søker om. DRIVKRAFT-midlar må gå til allmennyttige formål på Søre Sunnmøre
Delta i veketrekningane ved å samle inn 50 stemmer og 1.000 kroner
I veke 5, 6, 7 og 8 blir det trekt ein vinnar som får 10.000 kroner. For å vere kvalifisert må ein ha samla inn over 1.000 kr totalt på spleisen og fått 50 stemmer på spleisen den veka.
Banken fordelar inntil 1 million kroner.
Når søknadsperioden går ut 1. mars skal SpareBank 1 Søre Sunnmøre fordele inntil 1 million kroner. All utbetaling blir gjort direkte på spleisane.
Sjå dei kvalifiserte søknadane og stem på din favoritt fra 1. februar
Lurer du på noko? Ta kontakt
Veronica Kvalen Pilskog
Kommunikasjonsansvarleg i SpareBank1 Søre Sunnmøre.
veronica.pilskog@sparebanken.no
45464610