Emma og pappa løper for NLM i Mongolia
Me var i Mongolia i februar. Me reiste saman med representantar frå 4 ungdomsskular som samlar inn pengar til eit utviklingsprosjekt for å styrke ungar med funksjonsnedsettelsar. Me traff misjonærane der, folket der og fekk sjå på nært hold kva NLM gjer i Mongolia. Bli med oss og støtt NLM!
I desse tider må nokon springe inne, nokon kan springe på balkongen eller rundt huset. Vårt mål er å springe frå Egersund til Nærbø. Via Den gamle Jernbanetrasèen, Den Vestlandske hovudveg langs jærkysten til Kvassheim Fyr. Der stoppar ruta for Emma. Pappa tar den siste etappen langs Kongevegen til Nærbø om han klarer... Gi så blir det vanskelegare for han å gi seg!
Sjå kor mykje som er sprunge inn totalt - www.spleis.no/nlm
Pengane som samles inn går til Norsk Luthersk Misjonssamband. NLM er ein fri og sjølvstendig misjonsorganisasjon som jobbar under visjonen «Verda for Kristus». NLM har eit stort arbeid i Noreg og har arbeid i omtrent 15 land i Afrika, Sør-Amerika og Asia. Deriblant Mongolia!