Støtt Kviteseid hornmusikk på 17. mai
Pengene vil gå til utstyr og instrument som korpset treng.
Det blir ikkje ein heilt vanleg 17. mai i år, men Kviteseid hornmusikk skal likevel spele rundt om i Kviteseid. Vi går gjennom sentrum og byggjefelta i nærleiken, og håper at flest mogleg kan få litt 17. mai-stemninga der dei er. Og vi kjem til å overføre video på sosiale medier for dei som ikkje kan sjå oss på anna vis.
Men sidan vi står utan dei vanlege speleinntektene frå konsert og oppdrag denne våren, ber vi alle som vil om å støtte korpset med eit beløp. På førehand tusen takk, og vi håpar å sjå deg 17. mai (om så på avstand).