Jon og Natalia si digitale bøsse til TV-aksjonen
Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis vil hjelpe deg med å gi eit bidrag til den digitale TV-aksjonsbøssa! I år går inntektene frå TV-aksjonen til WWFs arbeid for å få bukt med plast i havet.
I år er den fysiske bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebæring, for å hindre koronasmitte. Vi håpar at alle i Vestland vil vere med i kampen mot plast i havet, for kvart bidrag nyttar:blue_heart:
Som leiarar for TV-aksjonens fylkeskomité i Vestland, så lovar vi - Jon og Natalia - å:
Hoppe i havet for kvar 5000 kr som blir samla inn! Så om du vil bidra til å få plast opp av havet ved å få politikarar ned i havet, har du sjansen no!
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon skal bekjempe plast i havet gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen, og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen: