Støtt Sunnmørsk Klatreklubb
Sunnmørsk Klatreklubb har på to år vekse frå ein klatresilo til etablering av ny klatrehall i Ørsta og er i full gang med ein hall i Volda. Klubben er i stadig vekst og vi treng innandørs fasilitetar der born, unge, vaksne og eldre kan få kjenne meistring av å nå toppen.
Sunnmørsk Klatreklubb held også på å utarbeide fleire utandørs klatrefelt som alle kan nytte seg av: erfarne og nybyrjarar.
Vi ser at kursing, arrangement og midlar til utstyr som krevst for at alle skal kunne få glede av klatring kostar mykje.
For at vi skal kunne klare og imøtekomme desse behova hjå medlemer og lokalsamfunn, treng vi støtte frå dykk!
Vi håpar alle støttespelarar der ute som har eit hjarte i klubben - vener og kjenningar, familie, medlemer og blodfans kan hjelpe klubben vår!
Du kan istadenfor ei vafle på loppemarknaden, loddsal på butikken eller kakesal på døra, støtte vår digitale dugnad her.
:heart:️
Ditt bidrag vil vere med på å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, idrettsglede og fellesskap i lokalmiljøa.
Røyst fram ditt favorittlag!
Klubben i mitt hjerte er ein årleg kampanje i regi av Norges Idrettsforbund, P4, SpareBank 1 og Spleis. 400 000 kroner skal delast ut til lag og klubbar i perioda 14-27 november. Hjelp favorittlaget ditt med å vinne flotte pengepremiar ved å røyste på oss!