Herøy kommune si digitale bøsse til TV-aksjonen
Praktisk informasjon om TV-Aksjonen i Herøy 2021
TV-aksjonen 2021, Barn- ikkje brud, går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Dei innsamla midlane skal gå til tiltak i Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Informasjon om temaet finn de på blimed.no, og gjennom NRK sine sendingar etter som TV-aksjonen nærmar seg.
Aksjonsdagen er søndag 24. oktober, og det vert i år tradisjonell bøsseinnsamling dør til dør, i tillegg til ei rekke digitale innsamlingsløysingar. Det trengst ca 150 bøsseberarar for å dekke alle rodene i Herøy kommune.
Kommunekomiteen ber dermed om hjelp frå alle gode krefter for å nå ut til alle husstandar.
Vi har også denne digitale bøssa som du kan gi til dersom du vil det. Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og vert utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto.