Støtte til Elveredningsgruppa i Eid Røde Kors
Alle innsamla pengar går til Elveredningsgruppa i Eid Røde Kors
Elveredningsgruppa i Eid Røde Kors gjer ein uvurderleg innsats. Dei har spisskompetanse på søk og redning i elv. Dette gjer dei heilt frivillig, utan løn. Utstyret dei brukar får hard medfart i krevjande situasjonar, både på øving og på aksjon, som sist i Tokagjelet i Kvam. For å kunne arbeide slik dei gjer, på ein sikker og effektiv måte, treng dei stadig å reparere eller skifte ut utstyr. Ein del av dette pleier dei å betale sjølv fordi dette brenn dei for.
BLI MED Å STØTTE ELVEREDNINGSGRUPPA I EID RØDE KORS