Ny hjartestartar!
Pengane blir brukt til innkjøp av ny hjartestartar med tilhøyrande utstyr. Vi håpar på å få inn så mykje pengar at vi og kan kjøpe eit isolert skap så hjartestartaren kan henge utandørs.
I Ålfoten har vi ein hjartestartar som no er 10 år gammal og moden for utskifting. I Hjartestartargruppa er det 22 personar som er opplærde og klare til å rykke ut om nokon i bygda ringjer AMK og har behov for hjartestartar og livreddande fyrstehjelp. Dette er ein viktig del av beredskapen og tryggleiken til bygda vår! Hjelp oss med å halde oppe beredskapen og tryggleiken ved å gje di støtte til innkjøp av ny hjartestartar! Takk for alle bidrag :)