UHØRT - Innsamling til jubileumskonsert
UHØRT 10 ÅR - 29. desember 2021
Uhørt blei starta for å gi ungdom ein trygg arena for å utvikle sitt sangtalent, få trening i å opptre og lære seg samsang.
I 2021 fyller vi heile 10 år og ønsker å samle noverande og tidlegare medlemmar til ein jubileumskonsert på Ingebrigt Davik-huset. Her byr vi på kjente og kjære låter frå tidlegare konsertar - i ekte Uhørt-stil.
Men det kostar pengar å skulle arrangere konsert. Faktisk så mykje at vi truleg vil måtte betale meir i utgifter enn kva vi får inn på kun billettsal. Dei to siste åra med pandemi har ført til at vi ikkje kunne ta på oss like mange oppdrag. Difor håper vi at du som ikkje har moglegheit til å kome på konsert (eller som kjem, men vil gi litt ekstra) har lyst til å støtte oss. På den måten håper vi å kunne halde konsertar med ungdom frå heile Ålesund ei god stund til!
Du kan støtte med et valgfritt beløp, eller dekke ei av utgiftene våre:
Den beste støtta vi kan få er at du kjem på konserten vår på Ingebrigt Davik-huset. Håper å sjå deg i publikum! Kjøp billettar her
I vår var vi så heldige at vi med støtte frå det lokale næringslivet kunne lage denne videoen. Her kan du få ein smakebit på konserten 29.12.21:
Musikalsk helsing frå alle i UHØRT