LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Trykking av fotoboka 'Geitmyra'

Trykking av fotoboka 'Geitmyra'

Alle pengane som samlast inn går til trykkekostnader.

Om prosjektet

Då pandemien rulla inn over landet våren 2020, oppdaga eg eit lite univers som skulle vise seg å bli viktig for meg – og mange andre – dei neste åra, nemleg Geitmyra skole- og parsellhage på Sagene i Oslo. 

Geitmyra skolehage blei etablert allereie i 1909, og er framleis Noregs største skolehage. I dag blir området delt mellom skular, barnehagar, institusjonar, foreningar og parsellverksemd, i tillegg til å vere ein grønn fristad for lokalbefolkninga. Her står naturens syklus i fokus, midt i storbyen.

I dette prosjektet har eg over ei periode på ca. 2 år dokumentert staden og menneska som har Geitmyra som ein del av sin kvardag. Kven er dei? Kva betyr denne staden for liva deira? Og kvifor er Geitmyra verdt å bevare? 

Om fotografen 

Eg heiter Johanne Nyborg og har jobba som frilans fotograf i 10 år. Eg kjem sjølv frå ei lita bygd på Vestlandet, og på Geitmyra fann eg noko eg ikkje viste at eg hadde sakna sidan eg flytta til byen for 9 år sidan. Det herska ei heilt spesiell ro der blandt bringebærbusker, squashplantar og epletre; ei ro og ein stille entusiasme blandt dei støvlekledde menneska med rumpa i vêret og hendene i jorda. 

Detaljar 🡡

Om boka

Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at "dette må bli ei bok!", og eg begynte å sjå for meg fotografia mellom to permar. No skjer det! 

Boka blir publisert på det vesle Oslo-baserte forlaget Pseudonym Publishing, den grafiske utforminga gjer Smuss Studio og Signe Fuglesteg Luksengard har vore med som engasjert fotoredaktør. 

Boka blir på rundt 120 sider, derav mesteparten fotografi, med tekst skriven av sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen. Omslaget i hardcover blir kledd med grønt stoff, med detaljar og tekst i blindpreg. 

Eksempelskisser av fotooppslag 🡡

Utdrag frå tekst:

"En gang – ja, så sent som i forrige århundre – inngikk beplantning og matauk fra parseller og kolonihager som en organisk del av livet. I det overopphetede overflodssamfunnet er økologisk landbruk i liten skala blitt en virksomhet som tiltrekker seg spesielt interesserte. Min spådom er at det snart vil vise seg at Geitmyra ikke hører fortiden til, men fremtiden."

Praktisk info

Boka vil bli trykt ila. sommaren 2022, og utsendinga av forhåndskjøpte bøker og andre pakkar vil starte i første halvdel av august. Printa ein kan velge mellom i belønning 1, 4 og 6 er desse (sjå bileta i høgare oppløysing her): 

Takk på førehand til alle som vil støtte prosjektet 💚

Trykking av fotoboka 'Geitmyra'

56 000 kroner innsamlet

74 givere
Avsluttet 12.06.2022
74% av 75 000 kr
Johanne Nyborg sitt profilbilde
Verifisert
Johanne Nyborg mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Johanne Nyborg er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×