LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️

Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️

Alle pengane som blir samla inn skal gå til advokathjelp for Andreas. Eventuelt overskytande beløp blir sett inn på Andreas sin sparekonto for framtida.

Denne innsamlingsaksjonen er starta av Støttegruppa "Hjelp Andreas tilbake til livet" for å samle inn pengar til advokathjelp for vår kjære Andreas.

Det har kome en del henvendelsar om å kunne sette penger direkte inn på ein konto, då ikkje alle har tilgong til Vipps. Her er kontonummeret til spleisen: 

3991 09 14417.

Advokaten skal hjelpe oss med:

  1. å få han ut av den private institusjonen der han er i dag,
  2. å få verdig og trygg hjelp til nedtrapping av medisin,
  3. å få kyndig hjelp til å handtere dei traumatiske minna han ber på.

Andreas er i dag 26 år. Han skulle ha vore på full fart inn i vaksenlivet, men er i staden heilt invalidisert grunna alt for mange år med tung medisinering. Vi er no vitne til ein ung mann som blir dårlegare og dårlegare for kvar dag, og vi ser at det hastar med å få hjelp.

På grunn av mangelfullt tilbod i heimkommunen er Andreas no overført til ein privat aktør i eit fylke langt heimanfrå for ei såkalla “kartlegging”. Her bur han mot sin eigen vilje under svært kritikkverdige forhold. Han opplever manglande omsorg, han er redd og uroleg og blir sjukare for kvar dag. Han har ikkje faglært personale rundt seg i det daglege, og han er i praksis fråteken retten og muligheita til å bestemme over sitt eige liv.

Andreas var ein gong ein frisk og sprek gut, full av humor, idrettsglede, rausheit, omsorg og klokskap. Han klarte seg fint, både sosialt og på skulen. Då fleire traumatiske opplevingar i barne- og ungdomsåra gjorde at livet vart vanskeleg, søkte familien hjelp i psykiatrien.

Dessverre har Andreas aldri fått behandlinga han treng for å bli frisk. I staden har symptoma i all hovudsak vore forsøkt dempa med medisinar. Frå han var 16 år har Andreas vore utsett for ei evigvarande prøving og feiling med mange ulike medikament og tallause innleggingar, utan andre resultat enn alvorlege biverknader og endå fleire traume.

Dette er ei stor og krevjande sak, og advokathjelp er kostbart, og det er i dag vanskeleg å vite kva den totale summen vil kome på.

Pengane frå Spleisen vil bli overførte til mor Heidi, medan dei øvrige gruppeadministratorane vil ha fullt innsyn i bruken av dei innsamla midlane. Eit eventuelt overskytande beløp vil gå til Andreas sin sparekonto for framtida.

Vi håpar du vil gi eit bidrag til innsamlinga og vere med å gjere ein forskjel for Andreas.

Hjarteleg helsing støttegruppa.

Du finn Facebook-sida vår her.

Hjelp oss å hjelpe Andreas tilbake til livet ❤️

218 900 kroner innsamlet

559 givere
Avsluttet 17.07.2022
43% av 500 000 kr
Heidi Muren sitt profilbilde
Verifisert
Heidi Muren mottar pengene
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Heidi Muren er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×