Skulestart hos Tresfjord EnSpire Skule!
Endeleg nærmar vi oss skulestart hos oss på Tresfjord EnSpire Skule, etter veker, månadar, og faktisk nokon år med arbeid, dugnad, engasjement og god støtte frå bygda vår. Men no som vi nærmar oss ser vi også at pengane får både vingar og stor fart ut av konto. Lykka er at vi òg har fått førespurnad frå både bygdefolk og andre støttespelarar som gjerne vil gje oss eit lite økonomisk bidrag, noko vi sett stor pris på. Vi tek imot store som små beløp, kvar ei krone kjem dei flotte ungane våre til gode.
Alle pengane vi får inn vil gå direkte til utstyr, interiør, læringsmateriell og hjelpemiddel. Til dømes kostar det 4500kr for kvar iPad som elevane treng, ein pult kostar 1600kr, og det kostar om lag 80.000 bere for dei digitale løysningane som er naudsynte i eit nymotens klasserom. Elevane treng også klassesett med skrivesaker, saksar, lærebøker, formingsutstyr, leikar og spel, drikkeflasker, kladdebøker, mapper og papir, og dei må òg ha garderobe, skap, knaggar, hyller og kurvar til oppbevaring. Og det same må lærerane ha. Som de sikkert skjønner så kostar det å starte skule, og sjølv om vi allereie har motteke første utbetaling frå staten setter vi stor pris på litt økonomisk drahjelp. Dei pengane som kjem inn vil rett og slett vere med på å gjere skuledagen endå betre før elevane, og dei vil òg gjere arbeidsdagen til dei flotte lærarane våre enklare.