Støtt Kirkens Nødhjelps arbeid for reint vatn for mennesker i nød
Vi er 4 vaksne menn i alderen 63 til 72 år som planlegg ein sykkeltur gjennom Europa frå Norge til Gibraltar, ein strekning på omlag 4000 km. Vi er Bjarne Reime, Bjørn Leirvik og Olav Nilsen, alle frå Nissedal kommune i Vest-Telemark, og Sigurd Marlov Antonsen frå Arendal.
Turen startar i midten av september 2022 og vil ta vel ein månad. Før og under turen ynskjer vi å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for reint vatn til menneske i nød. Dette fordi Kirkens Nødhjelp i dag vert rekna som ein av verdas fremste aktørar på dette feltet. Mykje av deira arbeid er retta mot Afrika. Ved å legge opp ruta frå Norge til Gibraltar, bringar med reint symbolsk vatn mot Afrika.
Vi håpar du vil støtte vår innsamlingsaksjon, kvar krone tel! Firma/organisasjonar som støttar aksjonen, vil kunne få logoen sin på vår Facebook-side "Sykkel for Vatn 2022" og på Kirkens Nødhjelps informasjonsside.
Alle kan få inntektsfrådrag for gåver over 500 kr.
Sykkelturen vil du kunne følge dag for dag på vår Facebook-side. Vi set måletsettinga for innsamlingsaksjonen til 250.000 kr og håpar at me kan utvide dette seinare!
Helsing Sykkel for Vatn-gjengen.