Aksjon betre veg ytre
Du har kanskje høyrt om det planlagde spleiselaget mellom Bremanger Kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og private givarar for å få i gang utbetring av vegen mellom Kalvåg og Klubben?...
No er det slik at bidraget til spleiselaget, frå Fylkeskommunen og Bremanger Kommune, på opp til 2 millionar på kvar, ligg fast, men berre dersom private gjevarar bidreg med tilsvarande sum, det vil sei 2 millionar kroner.
Difor har vi no sett i gang ein aksjon for å få på plass desse midlane.
Dersom vi ikkje får på plass desse midlane, taper vi òg tilskota frå fylke og kommune.
Det er betre å få utbetra nokre punkt enn at der ikkje vert gjort noko.
Eit forprosjekt for Kalvåg-Klubben med grovkalkyle er allereie utarbeidd av driftssjef Gunnar Yttrehus ved Teknisk drift i Bremanger kommune.
Han skisserer både tiltak og kostnadar ved utbetring av den utsette vegstrekninga. Yttrehus antydar 6,5 millionar til dei aller verste punkta, samt 0,5 millionar til rigg og leige, men presiserer at dette er eit grovt anslag.
Slik prioriterer kommunen, retning Oldeide mot Kalvåg:
Pikaneset og Dalevatnet (grovkalkyle 2 millionar, byggetid: tre månader).
Frå Oldeidstunnelen (grovkalkyle 1,4 millionar, byggetid to-tre månader).
Trongesundet-Hamrøybrua (grovkalkyle 3,6 millionar ekskl. mva., byggetid: tre-fire månader).