LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Hjelp oss å spre litt kvardagsglede ♥️

Hjelp oss å spre litt kvardagsglede ♥️

Alle pengane som samlast inn går uavkorta til familien.

I 2020 fekk vesle Emily på fem år påvist Leukemi. For den lille familien på fire blei livet snudd på hovudet, og vanleg kvardag vart skifta ut med uforutsigbarheit, usikkerheit, sorg og sjukehusopphold. Barndom og familieliv var ikkje lenger slik det hadde vore og dei hadde to år med tøff behandling framfor seg. Når Emily først fekk diagnosen, hadde dei eit klart mål å strekke seg etter, då behandlinga skulle etter planen vere avslutta sommaren 2022. Slik vart det dessverre ikkje. Rett før dei hadde planlagt å reise på ferie med alt det Emily hadde gleda seg over at dei skulle saman, vart livet og barndom igjen bytta ut med ein ny og svært krevjande kvardag. Det viste seg at Emily hadde fått tilbakefall av kreften.

Livet byr på mykje, men for May Helen, Kenneth, Emily og Sarah har livet vore urettferdig. Likevel har dei stått saman, og klart å sjå glede, kjærleik og mykje håp i dei små glimta dei har fått saman som familie. Dei er nokre førebilete heile gjengen ❤️

Akkurat no er familien i Oslo på Rikshospitalet etter at Emily har gjennomgått ei knalltøff behandling: beinmargstransplantasjon. Håp om at vesle Emily skal komme igjennom behandlinga, har mobilisert fram krefter hos denne fine familien, som har imponert oss. Vi håpar familien no får komme tilbake til Bergen for å feire jul saman. 

Vi kan ikkje vere ilag endå, og vi veit eigentleg ikkje kva godt vi kan gjere for dei. Etter desse tøffe åra, og i tillegg måtte gå igjennom dette under ein pandemi, har gitt dei utfordringar og situasjonar vi ikkje klarar å forstå. Vi ynskjer å gjere noko, og har derfor oppretta denne spleisen for å kunne bidra til at dei saman som familie kan få fine opplevingar i lag og glede å sjå fram til, utan å måtte tenke på det økonomiske aspektet. Kanskje ein ekstra lang badeferie som vi veit Emily verkeleg ser fram til.

Med helsing frå familie og venner ♥️

Hjelp oss å spre litt kvardagsglede ♥️

65 000 kroner innsamlet

179 givere
Avsluttet 31.01.2023
216% av 30 000 kr
May Helen Hauge sitt profilbilde
Verifisert
May Helen Hauge mottar pengene
Marte Furset Myklebust sitt profilbilde
Verifisert
Marte Furset Myklebust
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Marte Furset Myklebust er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×