Alle donasjonar går til vedlikehald av Frilund Lærdal ungdomslag.
Lærdal ungdomslag vedlikeheld, pussar opp og driftar ungdomshuset Frilund på Lærdalsøyri. Aktivitetane er basert på dugnad. Inntektene hentar me frå basar og utleige til privatpersonar, lag og organisasjonar. Utgiftene er knytt til vask, reinhald, forsikringar og straum. I eit normalår går me i balanse på drifta. Dette har me klart i alle år, men ikkje i 2022.
I år er straumutgiftene vesentleg høgare enn tidlegare år. Me fekk straumstøtte fram til april 2022. Seinare har me falle mellom fleire stolar i høve mogleigheiter for slik støtte.
Slik det ser ut no, vil me gå med underskot ved utgangen av året og har ikkje midlar til og dekke faste kostnader. I verste fall er me konkurs og må overføre ansvaret for laget og bygget til Norges Ungdomslag sentralt. Det er noko med ikkje ønskar
stoda er ekstra ordinær på grunn av dei høge straumkostnadene. Med dette som bakgrunn vender med oss difor til dykk for og be om ein handsstrekning for og komme over den økonomiske kneika.
Alle bidrag er Velkommne!
Støtt oss gjerne her i SPLEIS eller VIPPS: 594223