Støtte til frilansfotografar i kampen for ei løn å leve av!
Sidan 1. mai 2018 har rundt 30 fotojournalistar vore i konflikt med dei store avisene i Oslo, for å få løfta honorara opp på eit anstendig nivå.
Fotofrilansarane har takka nei til å levere til denne sosiale dumpingprisen i håp om at motparten ville setje seg ned ved forhandlingsbordet.
Fotofrilansarane har difor i halvanna månad gått utan inntekt (nokre har hatt andre små oppdrag). Alle skjøner kva dette betyr. Frilansarar har ingen tariffavtale og dermed ingen tilgang til ei streikekasse. Likevel har dei stilt seg solidariske med kvarandre og for dei fast tilsette. Resultatet er no at mange har hamna i ein prekær økonomisk situasjon.
NJ Frilans har difor løyvd 5 000 kroner til dei aksjonerande fotofrilansarane. Vi oppmodar klubbane i Aftenposten, Dagbladet, Dagens Næringsliv og VG, samt Oslo Journalistlag, Akershus Journalistlag og Pressefotografenes klubb om å gjere det same.
Vidare oppmodar vi alle klubbar og lokallag i Norsk Journalistlag om å støtte fotofrilansarane med minst 1 000 kroner og NJ-medlemar om å støtte med minst 100 kroner.
Det vil vere ei solidarisk handsrekning som vil gi frilansfotografane pågangsmot og krefter til å halde fram kampen for eit anstendig arbeidsliv!
Styret i NJ Frilans
v/ leiar Oddrun Midtbø