OPE hus med konsert - Mindre. Åleine. Saman. 04. oktober 2018
Årets TV-aksjon skal opne fleire dører og invitere fleire inn.
Til gode samtalar og fellesskap.
Færre skal kjenne seg åleine.
Fleire skal kjenne seg sett og inkludert!
Kirkens Bymisjon driv eit utrulig viktig arbeid rundt omkring i heile Noreg.
Derfor er det utrulig stas at akkurat dei er mottakarar av årets TV-aksjon.
Vi har lyst til å setje fokus på denne viktige saka.
Derfor er du invitert til ope hus heime hjå Linn Therese og Yngve på Nærøya
torsdag 04. Oktober kl 20.00.
Det blir ein nydeleg intimkonsert med Synnøve og Vegard Voldsund midt i stova.
Dei vil synge fleire songar som betyr mykje for dei.
Du tenkjer kanskje at det lett kan bli fullt med folk, og at det ikkje er plass til deg?
Det er klart, det kan bli fullt når ein inviterer til ope hus. Men vi ynskjer at du skal føle deg velkomen.... at du skal kjenne på at her er det godt å vere denne kvelden!
Vi tek 100 kr for inngang med enkel matservering.
All inntekt går sjølvsagt direkte til årets TV-aksjon.