Hjelp Amland Safira å få ein sjangse i livet!
Safira vart født 23. mai og var ei frisk og rask lita fjordingjente heilt til ho vart akutt sjuk søndag 7. juni. No er ho innlagt på hesteklinikken i Bergen, der veterinærane jobbar for å redde livet hennar.
Safira har ein kraftig mage- og tarminfeksjon. Ho får antibiotikabehandling og blir sondemata.
Eigar Cathrine Leite Kjøndal har allereie fått store utgifter, og kostnadene har passert 30.000 kroner og aukar framleis.
Har du moglegheit til å bidra? Alt hjelper – stort eller smått ❤️
Dersom du ikkje har anledning til å gi, set me stor pris på om du deler spleisen vidare.
Safira er ei grå fjordinghoppe etter Sisara og Zildar, med heile livet framfor seg. Me håpar så inderleg ho får sjansen til å bli frisk.
På førehand tusen takk for all hjelp og støtte ❤️
Eventuelle resterande pengar vil gå til veldedig formål
