Støtt forsking på ME
Takk til som har støtta så langt. Alle beløp store og små hjelper til å nå målet. Eg set stor pris på om de kan hjelpe meg med å dele denne spleisen vidare.
Eg har valt sommaren til å starte ein spleis for «Fokus på ME». Pengane verte samla inn til biomedisinsk forsking på ME i Noreg. Forsking på sjukdomsmekanismen, leite etter biomarkør og ei behandling, samt kunnskapsformidling er det einaste som kan gi både ME-sjuke og pårørande det sårt etterlengta HÅPET ein treng.
Som pårørande ser eg sjukdomen ME – Myalgisk Enceflopati på nært hald kvar dag, og det er vanskeleg å førestille seg kor hardt denne sjukdomen rammar og det er ein fortvila situasjon. Studiar viser at ME-sjuke er blant dei som har dårlegast livskvalitet av alle alvorlege og kroniske sjukdomar, men likevel er mange overlatt til seg sjølve. Forskinga viser at ME-pasientane har avvik i immunsystemet, sentralnervesystemet og sirkulasjonssystemet. Mange lever med sterke smerte, søvnproblem og hypersensitivitet for sansestimuli.
Barn og unge verte også ramma av ME og mistar barne- og ungdomstida si og skulegong. Vaksne mistar muligheit til vidareutdanning og arbeidsliv, kanskje misse muligheit for å etablere seg og leve sjølvstendig. Nokre leve isolert og misse vennskap. Pårørande må gjerne vere tilgjengeleg dag og natt for sine næraste.
Ein lese meir om Fokus på ME på www.fokuspame.no