Benkar ved skøytabana på Risil ( Risil Grusbane ), Vestby
Vestby Skiløypeutval (som er ein del av Vestby IL) har kjøpt inn material til benkar som Jacob Bugten og Øyvind Ledum har snekkra saman på dugnad. Benkane er no plasserte ut ved Risil grusbane, Pepperstad Skog, så då er det berre å vente på kulda – og dei frivillige som lagar is på Risil.
Dette er eigentleg eit tiltak Skiløypeutvalet ikkje har budsjettert for. Difor håpar vi at dei som brukar isen vil vere med og spleise på materialkostnadene. Summen for material og skruar kom på litt over 4 600 kroner. Vi ber om litt ekstra, sidan ein liten del går bort i gebyr når ein nyttar Spleis-plattforma.
Resterande skruar og material er gjevne vidare til Stigruppa i Vestby Turlag, som byggjer klopper og bruer.
På førehand takk for støtta – og for at de bidreg til eit betre tilbod for alle!
Samt takk for innsatsen til Jacob og Øyvind.👍
Med helsing
Vestby Skiløypeutvalg
v/ Hallgeir Lødøen

