Kvam herad si digitale bøsse til NRK TV-aksjonen 2026 – Sammen for mennesker på flukt
Kvart andre sekund må eit menneske flykta frå krig og konflikt. Du kan hjelpa. Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffa seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar.
TV-aksjonen 2026 skal bidra effektivt til at menneske på flukt får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Pengane skal gå til telt og andre nødbustader, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.
NRC Flyktninghjelpen er Noregs største humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i verdas verste kriser.






