Skiferspleisen
Alle pengane vi samlar inn vil gå til nytt skifertak på Reksta skule / Rekstakjellaren
Hjelp oss å gi Reksta skule eit nytt tak i skifer!
Målet med denne spleisen er å delfinansiere nytt tak på Reksta skule. Vi har allereie fått innvilga 300 000,- frå Huset i bygda / Sparebankstiftinga, men vi treng di støtte for å komme i mål.
Ved å vere med og legge ny skifer på taket, er du med på å ta vare på eit viktig kulturminne på Reksta. Mange små og store bidrag kan saman sikre eit godt «tak over hovudet» for framtida.
Alle som bidreg får namnet sitt på taket, på undersida av ein skiferstein. Det vil også bli lagt ned ein tidskapsel i taket for å ta vare på historia.
Støtt skiferspleisen – støtt Reksta Ungdomslag!
- 1 skifer: kr 150
- 5 skifer: kr 750
- 10 skifer: kr 1 500
- 20 skifer: kr 3 000
- Takfadder: kr 5 000
- Bedriftsfadder: kr 10 000 eller meir

