Klatreapparat i Hellesylt sentrum
Har du lyst til å bidra til aktivitet, leik og moro i Hellesylt sentrum?
I samband med renoveringa av Sunnylven skule, treng også uteområdet til borna ei oppgradering. Slik uteområdet er no, består det av ei volleyballbane, ein ballbinge og eit enkelt klatrestativ for dei minste borna. Både dumper og sveger har sett sine bedre dagar, og treng vedlikehald.
Fysisk aktivitet, leik og meistring er viktig for born i alle alderar, det er difor viktig med eit variert tilbod på skuleplassen. Vi i FAU ser derfor føre oss å setje opp ei klatrepyrdamide, som kan bli til stor glede for alle borna. Klatring er noko som appellerar til dei aller fleste og eit slikt apparat treff ei brei målgruppe. Ei slik pyramide vil vere eit godt samlingspunkt der fleire kan halde på samtidig, uavhengig av alder og meistringsnivå.
Ettersom området er kommunalt, og åpent for alle, alltid, vil også besøkande i bygda ha glede av apparatet. Skuleplassen er flittig brukt utanom skuletid, og med ei slik oppgradering vil enda fleire kunne boltre seg her. Dette vil vere veldig positivt for Hellesylt, og vil kunne bidra til at gjennomreisande stoppar opp, og tilbring tid her.
Ei slik pyramide som er avbilda, har vi fått estimert til 230.000,- Tryggleiken rundt eit slikt apparat er særs viktig, så det vil òg tilkome kostnadar for montering og fallunderlag. Inklusiv kostnadane for grunnarbeid, vil dette prosjektet ende på om lag 680.000,- Vi treng med andre ord hjelp for å få dette prosjektet realisert.
Bli med og støtt slik at vi saman kan få til eit trygt, og kjekt uteområdet for borna, og eit blikkfang og samlingspunkt for alle som besøker Hellesylt sentrum!