Spørsmål og svar om DRIVKRAFT
Her finn du svar på ofte stilte spørsmål om DRIVKRAFT.
Kva er DRIVKRAFT?
DRIVKRAFT er namnet på SpareBank 1 Søre Sunnmøre sitt samfunnsengasjement. Gjennom ulike årlege tildelingar støttar vi personar, tiltak og prosjekt som bidrege til utvikling av lokalt næringsliv, kultur og idrettsliv, nærmiljø og kompetanse. Saman skal vi gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Alle som har eit større konkret tiltak eller prosjekt i banken sitt marknadsområde kan søke om DRIVKRAFT-midlar. Les meir på sida til SpareBank1 Søre Sunnmøre.
Kven og korleis kan ein søke?
Søknadsperioden er open frå 15. januar til 1. mars, og alle som skal søke DRIVKRAFT-midlar må opprette ein spleis. Når søknadsperioden går ut 1. mars skal SpareBank 1 Søre Sunnmøre fordele inntil 1 million kroner.
Kva formål blir prioritert?
Søkarar med tiltak eller prosjekt i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven
Allmennyttige tiltak og prosjekt som kjem mange til gode
Kven gir SpareBank 1 Søre Sunnmøre ikkje støtte til?
Vi støttar mange formål. Kva sak blir vurdert individuelt, men normalt blir det ikkje gitt støtte til:
Aksjeselskap med kommersielle formål
Personlege formål som til dømes utdanning og idrettskarriere. Vi delar likevel ut talentstipend.
Prosjekt utanfor banken sitt marknadsområde
Aktivitetar som ikkje kjem mange til gode
Korleis fungerer veketrekningane?
Alle som har samla inn 1.000 kroner og 50 stemmer er med i trekninga av kroner 10.000 i veke 5, 6, 7 og 8.
Det er berre mogleg å vinne ein gang
Dei som vinner vil bli kontakta per telefon dagen før offentleggjeringa av vinnaren
Her vil du sjå kven som har vunne dei ulike vekene
Når får eg svar på søknaden?
Avdelingsbanksjefane ved alle bankkontora (Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy) vil gå gjennom alle søknadane (spleisane) og fordele midlane i midten av mars.
Korleis blir pengane fordelt?
Vi ønsker å vere rettferdige i tildelingane, og midlane vil bli fordelt geografisk på kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven
Størrelsen på støtta handlar ikkje om kor stort engasjement kvar einskild klarer å skape
Korleis får eg beskjed?
Du vil bli oppringt per telefon. All utbetaling blir gjort direkte på spleisane.