Hjelp Stedjetunet med kjøp av inventar til forsamlingslokalet
Alle pengane som vert samla inn skal brukast til innbu og lausøyre i forsamlingsdelen av bygget.
I 2017 brann Stedjetunet ned, og det vert no reist eit nytt bygg på staden. Sidan 80-talet hadde det gamle huset mellom anna vore brukt som kyrkjelydshus, i tillegg til å vera samlingsstad for over 30 forskjellige organisasjonar. Forsikringspengane dekkar berre sjølve bygget, og Stiftinga Stedjetunet treng difor midlar til å kjøpa inventar til eit forsamlingslokale i huset.
I desse tider kan me korkje ha basar eller konsertar for å samla inn pengar, og må ty til digitale innsamlingar. Kjekt om du vil hjelpa til slik at òg nye Stedjetunet vert ein god plass å vera.