Ridehall til Volda Rideklubb
20 100 kr
43 givere
Avsluttet
20 100 kr134 % av 15 000 kr

Ridehall til Volda Rideklubb

Alle pengane som samlast inn vil gå til bygging av ridehall.

Spleis til ridehall

Volda rideklubb har i 25 år arbeidd for å kome i posisjon til å byggje ridehall, og endeleg er målet i sikte. Vi har sikra oss eit godt område med lang leigetid på Rotevatn, og har fått lånetilsegn i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Spelemiddelsøknaden er komplett for handsaming, og det einaste vi manglar no er kommunal garanti på lånet, noko vi reknar med å få i april. Vi har valt Fjøssystemer som halleverandør, og vil nytte lokale underleverandørar/entreprenørar der vi kan. Hallen skal vere 20x63 meter, og har plass til bane med internasjonale mål og tribune. Målet er byggjestart no i løpet av våren. Dette vil gi eit godt løft for hestesporten i Volda, som allereie har fostra fleire dyktige ekvipasjer. Det å kunne trene heile året, uavhengig av vêr, gir oss store moglegheiter. Vi kan då tilby kurs, stemner og show året rundt. Volda rideklubb har satsa mykje på rekruttering til sporten opp gjennom åra, og har jamnleg ridekurs for barn og unge i sommarhalvåret. Med hall treng ikkje aktiviteteten å stoppe opp om vinteren. 

Draumen er å opne ein rideskule ein gang i framtida, men då må vi først få på plass både hall og klubbstall (byggjesteg 2). Vi håper de vil vere med å støtte oss på vegen, og kan legge til at alle som gir meir enn 1.000 kroner vil få ein flott sponsorrosett som minne. 

Alle beløp vert tatt imot med stor Takk!

Opprettet av
VerifisertAnna Marie Mork
Identifisert med BankID
Pengene utbetales til

Orgnr. 988 778 117

Del innsamlingen
Facebook
E-post
Lenke
Instagram
Bygg inn
Anna Marie Mork er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.
Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×