Støtt Langeland skulekorps sin 17. mai dugnad
Av omsyn til smittevern grunna koronaviruset har me ikkje anledning til å gjennomføre vårens flaskeinnsamling og arrangere kiosk på Langeland skule 17. mai. Desse to arrangementa saman med basaren vår i oktober er korpsets hovudinntekt. Inntekta frå dette går til å lønna dirigent, instruktør timar, kjøp av noter og instrument for å nemne noko.
Korpset har i denne spesielle tida hatt digitale møter for å halde motivasjonen til barna og ungdommane oppe. På møta fekk dirigenten snakka litt med alle i korpset og utfordra dei på ulike oppgåver. Dei har f.eks. fått i oppgåve å laga eit instrument av kva som helst dei finn heime og laga 17. mai plakat. Me har og gjennomført spelestafett på facebook sida vår samt hatt digitale gruppeøvingar. Over ser de vinnarane sin 17. mai plakat. Alt blir bra :blush::heart::heart::trumpet:
I vår virtuelle kiosk har me følgande:
Virtuell pølse i brød, omtanke is, magisk brus og styrke kaffe.
Håper du vil støtte oss med eit virtuelt kafebesøk her på spleis.no evnetuelt kan du vippse til #126469 eller sende penger til kontonr. 3520.50.73114
På førehand takk :-)
Helsing alle oss i Langeland skulekorps