17. mai i Sande kommune
Gjerdsvika IL / Fredtun / Gursken skulekorps / Landsbyhuset Breidablik / HML Varden / Sandsøy Hornmusikk / Tareholmen 4H / Øyklang
Vanlegvis brukar 17. mai å vere ei inntektskjelde for ein del organisasjonar. Mellom anna korps og grendahus har ein viktig del av inntekte sine på nasjonaldagen.
Med den spesielle feiringa i 2020, vil desse inntektene diverre felle bort. For å bøte litt på dette, lanserar vi ein 17. mai Spleis. Her kan alle innbyggjarar og bedrifter i Sande vere med å støtte lokale organisasjonar.
Det totale innsamla beløpet vert fordelt til bygdene etter folketal, og dei lokale 17. mai komitéane har på førehand bestemt kven som skal få støtte.
Vi set stor pris på at du også er med å støttar lokal frivilligheit.