Støtt Farnes Skulemusikk
Me i Farnes Skulemusikk håpar blodfans, tidlegare skulemusikantar, familie og sambygdingar vil bidra til eit lite spleiselag for korpset. Farnes Skulemusikk ein Skulemusikk i vekst og er aldri vanskeleg å be med når lokalsamfunnet trenger underholdning- anten det er 17 mai, konsertar, julekonsert eller dugnad på julegrantenninga. Korpset har 35 ivrige musikantar og treng pengar til nye instrument, uniformar og drift av laget generelt. I desse Koronatider er økonomien under eit særleg press og difor oppfordrar me årdøler til eit lite spleiselag i vanskelege tider. Så har du eit bankende hjarte for Farnes skulemusikk- støtt denne digitale dugnaden og del gjerne spleisen videre.
Bidraget vil vere med å støtte arbeidet med å skape god aktivitet, positive miljø, fellesskap og kulturbygging i Årdal.