Hjelp til med å få leikeplassen ved Abrahamhjellen til å bli ein leikeplass igjen!
Vær med å hjelp til med å få leikeplassen ved Abrahamhjellen til å faktisk bli ein leikeplass igjen!
Vi ynskjer å starte ein spleis for å få inn litt fleire pengar i samband med opprusting av leikeplassen ved Abrahamhjellen. Vi er så heldige å ha fått innvilga 25.000,- frå Grannelaget. Eg har i tillegg søkt om støtte på kr. 10.000,- hjå sparebankstiftinga(dette er maksimumbeløp då søking for større summar har frist i mai kvart år). Problemet er at godkjent leikeutstyr er så dyrt at det vi har til no ikkje dekkar meir enn eit halvt leikestativ av den enklaste sorten. Sjekk ut www.lr-lekeplass.no så skjønar de kva eg meinar. Desse er i tillegg prisgunstige samanlikna med andre, og held til ganske lokalt (Sandane).
Ditt bidrag vil vere med på å løfte den mest sentrale leikeplassen i feltet, og dette vil kunne bli ein stad for born og vaksne og møtast å bli kjent.
Den supre dugnadsjobben som vart gjort må ikkje vere forgjeves med at det rekk å gro til att før noko skjer. Håpar difor at alle med ungar, besteforeldre som vil ha ein plass å ta med barnebarna, samt alle andre som ynskjer å løfte byggjefeltet litt blir med på denne spleisen.
