Let there be light
Vi har no alle fått vere med på ein nasjonal dugnad med mål om å vinne over Corona. No er det på tide med ein lokal dugnad. Lysa på Lømyra er klare for utskifting, og det kostar mykje pengar. Lystilhøva fram til no har variert mykje. Det har vore pærer som har vore gåen og det har vore ein omstendeleg prosess å skifte dei. Dette vil endre seg med dei nye lysa. Vi i Hotboyz er utemennesker og ønskjer primært å trene ute så lenge forholda tillet det. Det er derfor viktig at vi har lys til treningane då det snart tek til å mørkne att og vi ikkje ser dagslys på kveldstreningane før til neste april ca. Hotboyz er eit godt tilbod til alle vaksne som ønskjer å halde seg aktive. Det er derfor viktig at vi er på lag no og bidreg med det vi kan for å oppretthalde tilbodet. Målet er at alle bidreg med 500 kroner kvar. Om du ynskjer å bidra med meir er du velkomen til det. Har du ikkje muligheit til å spleise inn 500 kroner, men ynskjer å gje eit mindre beløp er det også velkome.