Støtt Harpefossen Skipatrulje i det frivillege arbeidet hjå Harpefossen skisenter
Oppruste lokala til skipatruljen, samt bidra til å vedlikehalde utstyr og gjere det mogeleg å halde fram med det frivillege arbeidet skipatruljen driv hjå Harpefossen skisenter.
Harpefossen Skipatrulje driv frivilleg arbeid på dagleg basis, og alt vert gjort på dugnad. På grunn av coronasituasjonen har skipatruljen mista si største inntekt, Malakoff Rockfestival, der ein har hatt ansvaret for campen. Skipatruljen treng likevel midlar då arbeidet krever både utstyr og vedlikehald av utstyr, i tillegg til at ein no steller i stand lokala der skipatruljen held til. Vi i skiptruljen vert difor sjeleglad dersom du vil vere med å støtte oss i arbeidet vi gjer både for Harpefossen Skisenter, og elles i lokalsamfunnet.

