LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Gi dei smilet tilbake!

Gi dei smilet tilbake!

Med di hjelp kan brannskadde ungar få eit heilt nytt liv

Eg har ei herleg dotter på 8 år! Det norske helsevesenet mobiliserte materiell og spesialistar i ein kritisk fase og redda livet hennar, men no skal du få høyra om Hirut Kebede, ei jente på same alder, frå Dire Dawa aust i Etiopia.

I august 2019 fekk Hirut ein alvorleg brannskade, på begge låra og seteregionen. Sjukehuset i Dire Dawa hadde ikkje kompetanse på dette, og ho vart liggjande 6 månader i ei seng under kummerlege forhold.

Etter eit halvt år med manglande pleie blei Hirut tatt med til eit sjukehus i hovudstaden Addis Abeba, ein biltur på 10 timar. Ein av legane der kjende til Children Burn & Wound Care Foundation si avdeling på det koreanske sjukehuset, MCM Hospital. Såra verka og lukta ille av infeksjonar, og ho var svært avmagra og svak då ho kom dit.

I EIT HALVT ÅR låg Hirut samankrøka i fosterstilling!

Viss DIN unge brenn seg på handa, styrtar du til næraste vask, og held handa under rennande vatn. 20 grader rennande vatn i 20 minutt, om du har lært kva som er optimalt. Er det skikkeleg ille sender velferdsstaten straks eit helikopter for å fly ditt barn direkte til t.d. Haukeland sjukehus, der eit svært team av spesialistar står klar til å bruka alle midlar for at utfallet skal bli best mogleg.

Dr. Einar Eriksen (fødd i Stavanger, oppvaksen i Etiopia) har vore overlege på brannskadeavdelinga på Haukeland, men frå november 2008 har han gitt plastiskkirurgisk hjelp til 2000 brannskadde ungar i Etiopa.

Eriksen fortel at Hirut kom til dei 21. februar i år. Etter 2 – 3 veker med næringsrik mat, hyppige sårstell og blodoverføring var ho sterk nok til å gjennomgå operasjon med hudtransplantasjon, utført av plastisk kirurg dr. Leto. Nokre veker seinare var ho på beina og klar for å reisa heim med eit stort smil om munnen.

14 år gamle Maereg vart utsett for ein pøbelgjeng på gata som helte parafin på han og tente på! I byen Shire, heilt nord i Etiopia, der han bur, er det ingen kompetanse på behandling av slike skadar. Han låg i vekevis på sjukehus, og såra grodde etter kvart, men huden trakk seg saman, og arrvevet drog begge overarmane inntil kroppen så han ikkje kunne løfta armane!

Maereg måtte gjennom to utfordrande operasjonar. Fyrst vart den venstre armen frigjort frå overkroppen i november 2019, deretter den høgre i januar i år.

I 85% av afrikanske heimar lagar kvinnene mat over open ild, gjerne på golvet i ei enkel hytte. Medan dei passar ungane. Det går ikkje alltid bra, og dei har ikkje noko 113-system å ringa til. Når såra etter kvart gror, trekkjer huden seg saman, som i Maereg sitt tilfelle, så delar av kroppen vert forvrengde og dysfunksjonelle.

EIN slik pasient kostar det gjerne mellom 9 og 15 000 kroner å hjelpa. Utan fungerande armar og bein er framtida mørk, og mange vert tiggarar.

Blir du med og spleisar på ein operasjon?

CBWCF driv arbeid på tre område:

  • medisinsk hjelp i form av plastisk kirurgi
  • utdanning av kirurgar og operasjonssjukepleiarar
  • utvikling og distribusjon av ein sikrare omn for matlaging, i samarbeid med m.a. Universitetet i Agder

Les meir på Facebook og https://childrensburncare.com/ – der kan ein òg teikna seg som fast givar med skattefritak på gåver.

PS: Likar du kaffi?

Myksvoll Mikrobrenneri samarbeider med CBWCF og tilbyr m.a. abonnement på kaffi kor noko av overskotet går til organisasjonen sitt arbeid. Om du ynskjer å testa den, kan du velja ein pose kaffi som "belønning" for å gi ei gåve i denne spleisen.

Gi dei smilet tilbake!

7 615 kroner innsamlet

18 givere
Avsluttet 15.09.2020
50% av 15 000 kr
Atle Weibell sitt profilbilde
Verifisert
Atle Weibell
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Atle Weibell er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×