Alle pengane som vert samla inn skal brukast til innbu og lausøyre i forsamlingsdelen av bygget.
No har me oppretta ein ny spleis for å samla inn pengar til Stedjetunet! I førre spleis fekk me inn 23 150 kroner frå 37 givarar. Så langt har me fått pengar til 15 stolar, sju servise og sju bord. Tusen takk til alle dykk som har støtta oss!
Men dette er alt for lite. Me treng 140 stolar, 34 bord og 80 servise. Kan du vera med å støtta?
I 2017 brann Stedjetunet ned, og det nye er snart ferdig. Bygget vert eit flott kyrkjelydshus med mange ulike bruksområde og skal opnast i januar.