Rekstakjellaren // Reksta skule er snart 100 år - vi pussar opp og oppgraderar med kjøkken og do😅
Reksta skule // Rekstakjellaren stod ferdig i 1922 - skulen vart nedlagt i 1971.
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/124210/description/g9aAOUEPg.jpg)
Rekstakjellaren og skulen har gitt folk på Reksta og tilreisande gode opplevingar gjennom snart 100 år - og folk er glade i det gamle skulehuset. Mange har lært å lese oppe i skulestova og å danse i kjellaren.
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/124210/description/qI7ddDJsV.jpg)
Ein ivrig dugnadsgjeng er i full gang med å renovere og oppgradere huset - slik at det kan vere til nytte og glede i 100 nye år. Sommaren 2022 skal vi feire 100 års jubileum - og håpet er at huset skal skine frå topp til tå.
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/124210/description/tUPn8E9xq.jpg)
Vil du vere med på å få dette til? Då kan du vere med og SPLEISE på kostnadane med å bygge nytt kjøkken og toalettanlegg.
![](https://spleisprod.s3.amazonaws.com/uploads/projects/124210/description/Ik8_wpIF8.jpg)
Målet er at huset skal brukast til små og store arrangement for alle som er glade i Reksta og Rekstakjellaren - og at nye generasjonar skal få glede av huset.
Nettside: rekstakjellaren.no
Facebook: @rekstakjellaren