Ordførarbøssa i Vanylven
I år er den fysiske bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebering. Eg vonar at lokalsamfunnet i Vanylven stiller opp med gode bidrag. Bli med i kampen mot plast i havet, kvart bidrag nyttar.:blue_heart: Eg har lagt inn eit par lokkemiddel til gjevarane mine, så vonar at mange er nysgjerrige nok til å sjekke ut kva gjevinstane kan vere.
Kva går pengane til i år?
Tema for TV-aksjonen i år er kampen mot plast i havet, gjennom å etablere og forbetre eksisterande avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og blir utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen