Hopp til hovedinnhold

Kampen mot plast langs norskekysten

Pengane går uavkorta til In the same boat sitt arbeid

Tv-aksjonen 2020 går til organisasjonen WWF. Masfjorden Senterparti ynskjer ikkje å vere med på å støtte årets tv-aksjon. WWF er ein organisasjon som arbeider aktivt mot mange av SP sine saker om eit levande og trygt bygdemiljø i heile landet. Dei vil verne alle store rovdyr som ulv og bjørn, går inn for storstilt vern av skog og naturområder, men er ikkje mot vindkraftutbygging i norske fjellområder. Dei har vore ein aktiv pådrivar for å avvikle pelsdyrnæringa i landet. I fagbladet bistandsaktuelt, utgitt av norad, kan ein lese om at WWF sine prosjekt er kopla til brot på menneskerettane, vald og overgrep.

Årets tv-aksjon går til ei svært viktig sak, fjerning av plast i havet utafor Asia. Masfjorden SP trur ein får mykje meir ut av innsamla midlar ved å støtte ein mindre organisasjon i dette arbeidet, ein som ikkje brukar store summar på administrasjon og direkte lønningar.

Miljødirektoratet sin miljøstatus viser at Noreg er eit av dei landa i verda som nyttar mest plast pr. innbyggjar, og me forureinar havet med ca 7 gonger meir plast enn gjennomsnittet. Det meste av dette kjem frå fiskeri- og oppdrettsnæringa

Masfjorden Senterparti vil i år støtte organisasjonen In the same boat. Dette er ein ideell organisasjon som består av frivilling ungdom frå heile verda, og som har som mål i 2020-2025 å rydde 20.000 strender langs verda si nest lengste kystlinje, norskekysten. I haust har dei blant anna brukt 2 veker på å rydde 8 tonn plast frå kysten på Fedje.

På nettsida Inthesameboat.eco kan ein lese kva innsamla pengar vil gå til. Det er oppretta ein spleis der dei som ynskjer det kan støtte denne organisasjonen.

Masfjorden Senterparti - Leiar Geir Egil Haugsvær

Kampen mot plast langs norskekysten

4 200 kroner innsamlet

15 givere
Avsluttet 02.11.2020
Verifisert
Geir Egil Haugsvær
står bak spleisen
IN THE SAME BOAT mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. 2 ga anonymt
  2. Ruth Elise Solheim
  3. 2 ga anonymt

Hjelp Geir Egil Haugsvær å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Geir Egil Haugsvær er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×