Voss herad sin digitale bøsse til TV-aksjonen
Eit hav av moglegheit – TV-aksjonen 2020
Havet er fantastisk. Det er lungene til jorda, og det har gjeve liv til alt levande på planeten vår. Men no er havet truga. Åtte millionar tonn plast hamnar i havet, kvart einaste år. Plasten trugar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak der problema er størst skal årets TV-aksjon ta plastproblemet ved rota. Saman skal me redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava.
Kva går pengene til i år?
Årets TV-aksjon skal bekjempa plast i havet gjennom å etablera og forbetra eksistarende avfallssystem for meir enn 900 000 menneske. TV-aksjonsmidlane er øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og blir betalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen