Solund kommune si digitale bøsse til TV-aksjonen
TV-aksjonen er ein av dei flottaste og viktigaste tradisjonane i Noreg. I annleis-året 2020 er den vanlege bøsseaksjonen bytta ut med digital bøssebering. Me håper det ikkje dempar gjevar-gleda, men at me alle stiller opp i år også.
Kva går pengane til i år?
TV-aksjonen 2020 går til kampen mot plast i havet, Ufattelege åtte millionar tonn - 8.000.000.000 kilo - plast hamnar i havet kvart år. No tek me tak i problemet der det er aller størst: Ein fjerdedel av plasten i havet kjem frå Søraust-Asia. Difor er TV-aksjonsmidlane øyremerka tiltak for å stoppa plast-ureining til elvar og hav i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.
Pengane som blir samla inn går uavkorta til TV-aksjonen Les meir på www.blimed.no
Uansett om du brukar bøssa mi eller bidreg på andre måtar: Ditt bidrag er viktig - og skaper ei betre verd. God TV-aksjon 2020!