LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for Bremanger bidreg: Redd reindriftsfamiliane - stopp vindkraftskandalen

Bremanger bidreg: Redd reindriftsfamiliane - stopp vindkraftskandalen

Alle pengane vil gå til å dekke reindriftsfamiliane i Jillen-Njaarke distriktet sine rettsutgifter.

Eg oppfordrar sterkt til å gje til denne innsamlinga som om det var våre eigne fjell vi no skulle redde. 

Innsamlinga er frå oss som kjenner oss knytt til Bremanger og vindkraftkampen der, og går til å støtte dei tre reindriftsfamiliane i Jillen-Njaarke som har tatt ein stor kamp for oss alle med si rettsak for å prøve å stogge landet sitt største vindkraftverk, Øyfjellet, og for å lindre den vanvittige uretten dei blei utsatt for med idømte sakskostnadar som trugar dei med økonomisk ruin.

Vi har - nesten heilt sikkert - klart å vinne vår sak på Bremangerlandet politisk. I denne kampen har vi fått overveldande støtte frå heile landet. Både synleg for alle, og bak scena. Eg bed difor inderleg at vi no gjev det vi kan for å hjelpe andre tilbake.

Og nauden er klart størst på Øyfjellet på Helgelandskysten. Tre modige reindriftsfamiliar forkasta skambodet frå finanseliten i Aquila Capital og Eolus Vind på 5.000 kr per turbin, og gjekk til rettsak for å stogge utbygginga. Ikkje fordi dei ville ha meir pengar, men fordi dei ville stogge vindkrafta, bevare naturen, ivareta sin kultur, det sterkt truga sør-samiske språket og si tradisjonelle reindrift.

Dei tapte, og vart dømde i tingretten til å betale 1,75 millionar i saksomkostningar! Det er ein skandaledom som set alt av rettssikkerheit på spel.

Eg har sjølv med mitt verv i Motvind Norge vore med å love familiane at vi skal hjelpe dei. Om ein ikkje klarar det, er det ikkje berre mi og Motvind-rørsla sitt truverd som står for fall, men truverdet til heile kampen mot vindkraft i naturen vår.

Mitt store håp er at ein kan stable på beina nok pengar til at dei kan anke dommen. Kanskje går det. Men ein ting er klinkande klart, vi må minimum redde reindriftsfamiliane frå økonomisk ruin.

Alle vi som bur i, eller som kjenner på ei sterk tilhøyrigheit til Bremanger kan sjølvsagt ikkje redde dette aleine. Men mitt store ynskje er at vår innsats vil bli lagt merke til, og at det kan bli ein inspirasjon for andre. 

Saman er det mogleg å snu dette nederlaget til ein sterk moralsk siger som styrker motstanden mot å øydelegge meir av naturen vår med vindkraft.

Kritikken mot oss som ikkje vil gjere om flott natur til vindindustri, er at vi er egoistar som berre bryr oss om vår eiga utsikt. La oss vise tydeleg at denne kritikken er usakleg. Lengre frå samiske områder enn Bremanger kjem ein ikkje. Om vi klarer eit sterkt bidrag, så klarar heile vindkraftrørsla det!

Alle bidrag vil gå til reinbeitedistriktet sine rettslege utgifter.

I tillegg til spleisen så er det mogleg å gje større beløp direkte. Då slepp ein avgifter til spleis:

Kontonummer: 90461230503 (Dette er reinbeitedistriket Jillen-Njaarke sin klientkonto i Dalan advokatfirma DA)

Overføringer må merkast med: "147290018 Motvind"

Gje meg ein lyd om beløpet ein sender, sjølv dykk som ynskjer å vere anonyme utad. På denne måten kan ein ha oversikt over kor mykje "vår gruppe" har bidrege med samla.

Eg håpar folk vil gje av heile sitt hjarte for å stogge ei vanvittig menneskeleg tragedie og å rette opp ein stor, stor urett!

Bremanger bidreg: Redd reindriftsfamiliane - stopp vindkraftskandalen

32 500 kroner innsamlet

105 givere
Avsluttet 23.10.2020
162% av 20 000 kr
Jørund Nygård sitt profilbilde
Verifisert
Jørund Nygård
står bak spleisen
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
Jørund Nygård er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×