En tjeneste fra
Jul i Nord «Jultråddokka» - kjøp plate og støtt utgjevinga :-)
Jul i Nord har spela inn juleplate! "Jultråddokka" kjem ut 20. november. Her kan du forhåndskjøpe plata, både med og utan innpakning. Me kan også sende direkte til den du vil skal få den.
Om korleis Jul i Nord vart til:
Jul i Nord er eit joleband med songar og slåttar knytt til jola, henta frå folkemusikken. Prosjektet starta i 2015, då Hilde Fjerdingøy (torader) og Ingebjørg Lognvik Reinholdt (kveding) reiste på arkivet og fann songar frå Nordland knytt til jola. Dei fekk med seg felespelar Hanna Andersson, og sette seg som mål å lage ein litt annleis jolekonsert. I 2017 blei bassist Morten Kvam med. Saman spelar dei sakralt og svingande, og fortel om tru og tradisjonar som har høyrd som jola til. Som jultråddokka, friargåva du fekk i jola av ho du endeleg fann tid til å flørte med.
Kva er Jul i Nord?
Jul i Nord er glorete, glitrende jolepynta nordlandshus i vintermørket. Jul i Nord er sakral fred under tente adventsstaker til messe i den vesle trekyrkja for lenge sida. Jul i Nord er fest og frieri i romjula, då alle endeleg hadde tid til slikt. Og Jul i Nord er dei skumle, underjordiske vesena som luskar seg fram og har triks og lureri klart for alle som ikkje har vaska godt nok, brygga godt nok eller vore snille nok.
Jul i Nord er litt av alt det jola er. Tradisjonsmusikk henta frå Nordland, men også litt her og der. Slik som jola er. Med lukt av kongerøkelse, snus og furunål. Og dansefot så golvet gyngar. Så det nesten er litt skummelt.
Litt søstrene Bjørklund, litt dans på lokalet, litt røyklukt frå Telemark, eit gufs av vintervind fra de Syv Søstre, og ein god dose uhøgtideleg heimelima hallelujastemning.
Rattitatiteia, hei og hå, nå er det jul igjen altså!
Gi et valgfritt beløp
Gi det du vil
For deg som vil støtte oss med et valgfritt beløp
Valgfritt beløp
Ubegrenset antall
Velg en belønning
CD - «Jultråddokka» av Jul i Nord - hente sjølv (Oslo/Moss)
Her kan du bestille cd! Cden kan hentas i Oslo (området Grunerløkka/Fredensborg) og Moss.
200 kr
14 har valgt denne–Ubegrenset antallCD - «Jultråddokka» by Jul i Nord sent abroad!
We ship abroad! Buy the cd from this link (choose "kort" aka credit card), send your address to: ingebjorglognvik@gmail.com, and we will ship it to you. Do you want it wrapped? All you do is pay 270 kr instead of 250 kr. If you let us know in the email, we can also sign the to and from-note for you and send it directly to the gift recipient.
250 kr
10 har valgt denne–Ubegrenset antallCD - «Jultråddokka» av Jul i Nord, sendt i posten
Me sender cden heim til deg, uansett kor i Noreg du bur! Hugs å vere tidleg nok ute om du vil ha den i hus i tide før jol. Ekstra portokostnader for sending til utlandet.
250 kr
20 har valgt denne–Ubegrenset antallCD sendt i posten med gåveinnpakning - «Jultråddokka» frå Jul i Nord
CD, ferdig innpakka med jolepapir og påskreve til og fra-lapp (i Noreg).Vi kan sende direkte til den du ynskjer å gi julegave til. Hugs å vere tidlig ute om du vil ha den i hus til jol. (ekstra portokostnad for utanlandssending)
270 kr
2 har valgt denne–Ubegrenset antall