LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for SØRESTRANDA SKULE - OMVENDT JULEKALENDER

SØRESTRANDA SKULE - OMVENDT JULEKALENDER

Pengane vi samler inn skal gå uavkorta til gåver og mat til jul for dei omlag 50 fattige familiane knytta til Lola Day Care Center. Om det kjem inn meir enn May Britt Tynes treng til julegåver, skal pengane støtte vidare drift av førskulen.

BLI MED OSS PÅ SØRESTRANDA  - GJE EI JULEGÅVE TIL FATTIGE I BOGO!

Vi veit at pengane kjem fram til dei som treng det, for vi kjenner May Britt Tynes som driv arbeidet! I nesten 20 år har ho, saman med familie og vener, drive frivilleg arbeid for å hjelpe dei aller fattigaste i byen Bogo på øya Cebu.  

Her er ein liten 3-minuttsvideo som viser kva pengane går til: 

Sørestranda skule har ved fleire høve hatt besøk av May Britt, og for 3 år sidan hadde ho med seg to to gjester som dansa filippinsk folkedans:

Sidan det er ein pågående pandemi med restriksjonar på samlingar og aktivitetar, har vi i år laga ein SPLEIS.  

SØRESTRANDA SKULE OPPMODAR ALLE ELEVAR OG ALLE DEI DER HEIME OM Å NYTTE ADVENTSTIDA TIL Å GJERE NOKO GODT FOR ANDRE:  BLI MED Å GJE EI JULEGÅVE TIL BARNA PÅ LOLA DAY CARE CENTER!   

Elevane kan arbeide heime, springe rundar rundt huset for pengar, eller på anna måte vere kreative i adventstida slik at det kjem inn pengar på innsamlinga vår.  

Om det kjem inn meir enn May Britt treng til å gje elevane gåver og mat til jul, skal pengane vi samlar inn gå til vidare drift av førskulen!

DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA - ER Å GJERE ANDRE GLA´!

God Jul frå oss i leiinga ved Sørestranda Skule :heart:️

IKORNNESINGAR BESØKTE BOGO I FEBRUAR:  May Britt og dottera Lone hadde med seg mange gjester frå Noreg då dei var på Cebu i februar.  Mellom anna var Olav Håkon og Einar Ellingsen frå Ikornnes med dei! Les om denne reisa her:  https://www.dropbox.com/s/8ucjze8flfcwafl/Infobrev%2025.pdf?dl=0







SITUASJONEN NO:  May Britt fortel at situasjonen i Bogo er særs vanskeleg no.  Dei fattige er fattigare - sidan dei ikkje kan gå ut for å gjere småjobbar eller selje ting dei dyrkar eller lagar.  Det er portforbod og kun dei med faste jobbar får tildelt adgangskort for å ferdast ute. Kun ein person per hushald får adgangskort for å gå ut for å handle mat.  Det er påbod med masker og plastvisir, og dei som bryt reglane får høge bøter.  Heldigvis har dei på denne måten klart å halde pandemien i sjakk i Bogo, enn so lenge.  Lola Day Care Center har starta heimeskule, men ingen fattige har tilgang på Internett eller nettbrett, difor er det laga ei ordning der foreldra kjem til førskulen i små grupper ein dag i veka.  Denne dagen får dei utdelt "lekseark" og opplæring i korleis dei skal hjelpe barna sine, samstundes får dei med seg litt ris og næringsrik mat heim.

LENKE TIL FACBOOK: http://Www.facebook.com/prosjektfilippinene








 

SØRESTRANDA SKULE - OMVENDT JULEKALENDER

7 150 kroner innsamlet

36 givere
Avsluttet 15.01.2021
71% av 10 000 kr
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
PROSJEKT FILIPPINENE V/MAY BRITT TYNES er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×