LukkVi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Les mer om personvern på Spleis eller finn lenken igjen i bunnen av siden.
Prosjektbilde for VELLEDALEN MONTESSORISKULE - OMVENDT JULEKALENDER

VELLEDALEN MONTESSORISKULE - OMVENDT JULEKALENDER

Alt vi får inn skal gå til gåver og mat til jul for dei fattige ved førskulen Lola Day Care Center og til familiane som bur i Little Norway. Kjem det inn meir enn May Britt treng til julegåver, skal pengane støtte vidare drift av førskulen.

HJELP OSS Å GJE EI JULEGÅVE TIL NOKON SOM VERKELEG TRENG DET!

Vi veit at pengane kjem fram til dei som treng det, for vi kjenner May Britt Tynes som driv arbeidet!  I nesten 20 år har ho, saman med familie og vener, drive frivillig arbeid for å hjelpe dei aller fattigaste i byen Bogo på øya Cebu.

Her er ein liten 3-minuttersvideo som viser kva pengane går til:

Velledalen Montessoriskule har ved fleire høve hatt besøk av May Britt og dottera Lone.  Dei har vist film og bilete og fortalt om korleis det er for barn å veske opp i fattige kår i den vesle byen Bogo på Filippinene.  Etter den store tyfonkatastrofen i 2013 vart mange huslause.  May Britt fekk delt ut bygningsmaterialer til over 250 familier og i tillegg fekk dei laga eit heilt lite byggefelt med 31 solide hus i murstein.  Dei kalla byggefeltet Little Norway og alle husa i desse to gatene har fått namn etter skular og barnehagar i Noreg.  Her er huset vårt:

Sidan det er ein pågåande pandemi med restriksjonar på samlingar og aktivitetar, har vi i år laga ein SPLEIS.

VELLEDALEN MONTESSORISKULE OPPMODAR ALLE ELEVAR OG ALLE DEI DER HEIME OM Å NYTTE ADVENTSTIDA TIL Å GJERE NOKO GODT FOR DEI FATTIGE I BOGO:  BLI MED Å GJE EI JULEGÅVE TIL BARNA PÅ LOLA DAY CARE CENTER og MAT TIL ALLE FAMILIANE I LITTLE NORWAY!

Elevane kan arbeide heime, springe rundar rundt huset for pengar, eller på annan måte vere kreative i adventstida slik at det kjem inn pengar på innsamlinga vår!

Om det kjem inn meir enn May Britt treng til å gje gåver og mat til jul, skal pengane vi samlar inn gå til drift av førskulen!

DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA - DET ER Å GJERE ANDRE GLA´!

God Jul frå oss i leiinga ved Velledalen Montessoriskule :heart:️

SYKKYLVINGAR BESØKTE BOGO I FEBRUAR: May Britt og dottera Lone hadde med seg mange gjester frå Noreg då dei var på Cebu i februar og mars.  Mellom anna var Olav Håkon og Greta Herje med som representantar for Sykkkylven Rotary Club, Einar Ellingsen, son av Olaf og klassekammerat til Lone, var òg med.  Les om denne reisa her:https://www.dropbox.com/s/8ucjze8flfcwafl/Infobrev%2025.pdf?dl=0








 





VELLEDALEN MONTESSORISKULE - OMVENDT JULEKALENDER

10 310 kroner innsamlet

40 givere
Avsluttet 15.01.2021
103% av 10 000 kr
Avsluttet
Del innsamlingen
Facebook
Twitter
Plakat
Lagre bildet på telefonen din og last bildet opp på Instagram som et vanlig innlegg eller i story.
Skriv ut en plakat og heng den opp i ditt nabolag eller legg den i naboenes postkasse.
Skriv ut QR-koden og vis den frem til potensielle givere slik at det blir enklere for dem å gi.
PROSJEKT FILIPPINENE V/MAY BRITT TYNES er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål. Mistanke om brudd på våre vilkår? Rapporter den til oss.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×