Hafstadfjellet - tryggere start - luftsport
Har du vore på Hafstadfjellet? Fin bilveg heilt til topps og start på alle vindretningar. På 700 m.o.h. kan du klaregjær vingen - ser utover fjorden - tar fart og sparker verda vekk under deg. Nydeleg!
Slik er det vanlegvis, men av og til kunne du tenkt deg jamnare løpebane og mindre lyng i linene. Nå vil Fjordane luftsportsklubb utbetre 2 områder med planering og såing slik at det blir nett som i Alpene.
Og vi trenger pengar. Mykje pengar. Vi har en finansieringsplan som inneberer spelemidlar frå Norsk Tipping, dugnadsarbeid, eigenkapital frå klubb og private gåver. Totalt er kostnaden på omlag 250 tusen. Denne spleisen skal dekke posten for private gåver og vi hadde opprinneleg 12000 som mål.Dette målet vart rask nådd og vi aukar målet til 24000 for ytterlegare å styrke eigenkapiltalen.
Vi setter pris på all støtte også frå deg som føretrekker å gå på fjellet. Ei oppgradering av start området for luftsport, vil være eit løft også for dei som vil være med på tandemturar og dei som kunne tenke seg å starte med denne sporten.
Er du med på å bidra?