Breimshallen - oppgradering av matsalen
Hei - For litt over eit år sidan hadde vi ein fantastisk basar i "Storstova i bygda" til inntekt for nytt kjøkken i Breimshallen. Responsen vi møtte både når det gjaldt gevinstar, loddsal i bygda, og frammøte på basaren var rett og slett imponerande, og ei fantastisk vitamininnsprøyting for alle oss som ivrar for å ivareta og vidareutvikle huset, til nytte og glede for heile breimsbygda.
Nokre dagar etter basaren slo korona - problema inn over oss, og all aktivitet i Breimshallen stoppa opp. Men det stoppa ikkje kjøkenkomitèen og eldsjelene i bygda.
Det som derimot er årsaka til ei foreløpig utsetjing av nytt kjøkken, er at vi er avhengige av at finansieringa på i overkant av 700.000 kroner er på plass før vi set i gong. Vi har inne søknadar om offentlege tilskot, og støtte frå Sparebankstiftelsen. Der er det "mange om beinet" så i fjor kom vi ikkje gjennom "nålauget", men vi håpar at vi vert prioritert dette året.
I mellomtida kriblar vi etter å kome i gong, og ynskjer å gje matsalen eit solid og nødvendig løft. Målet er å få det til i løpet av våren, slik at den er presentabel til bryllaup og andre arrangement vi håpar kan verte gjennomført i løpet av sommaren.
For å finansiere dette ynskjer vi å gjennomføre ein innsamlingsaksjon.
Håpar at de vil vere med å støtte dette tiltaket for å få til ein nyrenovert og presentabel matsal.

