Høbben - Eit ungdomstilbod for alle
STØTT ETABLERINGA AV SYKKYLVENS RÅASTE UNGDOMSTILBOD - HØBBEN
Vi har behov for økonomisk støtte for å bygge opp og etablere det vi meiner er eit fantastisk og unikt tilbod for ungdommen i Sykkylven kommune. Støtta skal gå til innkjøp av materiale og utstyr. Høbben skal opne dørene i løpet av hausten.
Det er viktig å påpeike at all støtte vi får er øyremerka dette prosjektet.
Bildetekst: Oversikt over Høbben (ikkje endelege skisser)- lokalet er i førsteetasje ved PC Support (Utvikla av Anne Marie Andreassen)
Sykkylven IL E-sport er initiativtakar og pådrivar for prosjektet Høbben – ein tilrettelagt sosial samlingsstad for alle ungdom i målgruppa 13–20 år i Sykkylven, kombinert med lokale for eit godt breiddetilbod innan den raskt voksande og populære e-sporten.
Våre undersøkingar blant dei unge i Sykkylven viser at dei både treng og ynskjer ein tilrettelagt stad der dei kan treffast for å drive med ulike uformelle aktivitetar i trygge rammer. På same måte som e-sportgruppa treng eit eigna lokale for å nå sitt store potensial som inkluderande breiddeaktivitet.
Det blir mogleg å bruke lokala for kollokviegrupper og anna arbeid på dagtid, samt fritidsarrangement på kveldstid der berre fantasien kan sette grenser. I samanheng med dette ynskjer vi også å ha eit enkelt kafé-tilbod med god og sunn mat for medlemmane våra og andre besøkande.
Sykkylven IL skal i samarbeid med kommunen skape ein trygg og inkluderande møteplass med eit langsiktig mål om å fremme sunne verdiar, kreativitet og eit godt ungdomsmiljø, der dei unge kan kome og finne sin plass – uavhengig av bakgrunn og interesser – fleire gongar i veka. Dette er ei god investering for både folkehelse, trivsel og omdøme! >
På forhånd, tusen takk!
Fleire skisser av Høbben:
Bildetekst: Enkel kjøkkenløysing og sitteplassar (Utvikla av Anne Marie Andreassen)
Bildetekst: Lounge m.m (Utvikla av Anne Marie Andreassen)
Bildetekst: Utsnitt av E-sport fasilitetane. (Utvikla av Anne Marie Andreassen)