Kvam herad sin spleis til TV-aksjonen 2021
TV-aksjonen NRK 2021 går til Plans arbeid mot barneekteskap
Kvam herad voner at flest mogleg har lyst å gje eit bidrag til årets TV-aksjon. Saman skal me gje jenter moglegheita til å velja si eiga framtid og via seg til livet. 💙
Kva går pengane til i år?
Årets TV-aksjon går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Med årets TV-aksjon skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og vert utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen, elles les meir om TV-aksjonen i Kvam på kvam.no.