Støtt opp om den nye diskgolfbana på Lømyra!
Hei alle Diskgolf glade sjeler!
For FIL Diskgolf klubb har store delar av sesongen 21/22 blitt særdeles amputert på grunna anleggsarbeid i samband med den nye skulen. Vi fekk utruleg nok til å lage ei provisorisk 12 hulls bane og til vår store glede ser vi at denne er flittig brukt. Venar, familiar, unge som gamle er nede på bana til alle tider. Det sett vi i styret stor pris på!
Men inkje er so galt det ikkje er godt for noko. Med den nye vegen gjennom Lømyra til skulen so opnar det seg nye moglegheiter. Dette skal vi i klubben no utnytte. Ny bane er teikna og planlagt utført i 2022. Det aller meste skjer på dugnad men vi vil ha kostnadar med innkjøp av materiell til korger og tee’ar. Desse håper vi verkeleg at sambygdingane og andre diskgolfarar sluttar seg opp om og har lyst til å hjelpe oss med. Vi lovar å lage ei flott bane for alle men vi treng og di hjelp og støtte.
Spread the word og vi håper å sjå dykk alle på eit eller anna tidspunkt rundt om på bana :)